RV 555.
RV 555 er eit trafikkopplæringsstykke utvikla av VT
i samarbeid med Statens Vegvesen og Hordaland fylkeskommune.
Av Eirik Tveiten
Handlinga i Rv 555 utspelar seg blant 4 ungdomar. Anne fyller 18 år og kjærasten Lars har kjøpt trulovingsringar som han vil overraske Anne med. Dei to vil reise på hyttetur og Anne si bestevenninne blir med. Ho sit på med Lars sin arbeidskamerat Jon. Dei to para har kvar sin bil. Ein heftig krangel får uante konsekvensar for dei alle!
RV555 turnerte på videregåande skoler i Hordaland i årene 2002-2008. Framsyninga var eit ledd i Hordaland fylkeskommune sitt holdningsskapende prosjekt rettet mot ungdom med tematikken “ungdom og villmannskjøring”.
Frå programteksten: «Ungdom i alderen 15 til 19 år er særs utsett i trafikken. Berre i Hordaland blir rundt 20 ungdommar drepne eller alvorleg skadde i trafikkulukker kvart år. Dei fleste blir skadd i møte- eller utforkøyringsulukker i helgene. Ulukker skjer på landevegar og fellesnemnaren er høg fart.
For å redusere desse meiningslause ulukkene ynskjer vi å auke trafikksikringsinnsatsen mot denne aldersgruppa. I Hordaland Fylkeskommune sin handlingsplan for trafikksikring for perioden 2006 – 2009 er det sett spesifikke mål for reduksjon i ulukker for ungdom og planen er fylgt opp med midlar til ulykkesførebyggande tiltak.
Ved å nytte teater i formidlinga, vonar vi at bodskapen skal kome nærare dei unge og faktisk verke sterkare. Ved at kvar tilskodar må ta del i eit pedagogisk opplegg både før og etter framsyninga, vil mottoet vere: ”det ein faktisk deltek aktivt i, påverkar ein meir enn det ein berre sit og høyrer og ser på”! Gjennom RV 555 ynskjer vi å bevisstgjera ungdomen på at eigne val og handlingar kan vere avgjerande for kva risiko dei blir utsett for. Konsekvensane av feil val kan bli store….
Dette trafikksikringstiltaket er finansiert av Hordaland Fylkeskommune. Planlegging og tilrettelegging er utført av Vestlandske Teatersenter og Statens Vegvesen med god hjelp frå politiet, Trygg Trafikk, Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune.»
BT 19.09.2003: Panser mot panser i trafikkhaldning
BA 18.02.2003: Spill for livet (RV 555)
BA 14.02.2003: Bremser i svingene (RV 555)
Manus:
Eirik Tveiten
Regi:
Kristin Saltkjelvik
Pedagogisk opplegg:
Kristin Saltkjelvik, Steinar Thorsen
Produsent:
Vestlandske Teatersenter
Scenografi:
Tor Martin Bø, Camilla Svingen
Koreografi:
Ann Terese Aasen
Musikk:
Tarjei Vatne
Teknikk:
Øyvind Greve
Susann Bugge Kambestad (Hilde)
Åslaug Magnusson (Anne)
Christopher Birknes (Lars)
Preben Hodneland (Jon)