Nasjonal Prøve.
Teater Extras forestilling på DUS 2010-11
DUS
Av Maria Tryti Vennerød
Ein skuleklasse skal ha prøve, Nasjonal prøve.
På naboskulen er det kome truslar om skulemassakre, men prøva må gå si gang for ein kvar pris. Det store uromomentet i klassen, Vidar, er tidligare utvist og flytta til naboskulen. Kan det vere han som står bak truslane?
Stykket skildrar korleis eit lite samfunn blir rive i sund av frykt. Konkret frykt, men òg frykta for det som er annleis; det som ikkje passer inn.
I løpet av stykket ser vi korleis fleire kan ha motiv for å øydelegge eit miljø som ikkje heilt har plass til enkeltindivida. Med fundament i det gjenkjennelege, bryt historia ut av det realistisk avgrensa klasserommet.
Maria Tryti Vennerød (f. 1978) debuterte på Norsk Dramatikkfestival i 2002. I 2005 vann ho Ibsenprisen for DAMA I LUKA og fekk oppført FRANK (vinnarstykket i Svensk-norsk dramatevling 1905-2005, arrangert av Det Norske Teatret og Stockholm Stadsteater). Seinare har ho skrive for produksjonar der ho òg har hatt regi, seinast operaen KOK i 2009. I 2010 vart stykket NEVERLAND oppført på Det Norske Teatret.
Nasjonal Prøve er eit krevjande stykke for dei unge skodespelarane.Vi har arbeidd mykje med tekst og undertekst for å få fram tydelege karakterar og liv i teksten. Det er skrive på nynorsk og orda er ikkje valde tilfeldig. Nynorsk er eit skriftspråk og vi har prøvd å få fram den bergenske versjonen som ein nynorskprega dialekt. Ungdommane har prøvd å finne sin vri og bruke dei orda som fell mest naturleg innanfor rammene teksten gir. Eit levande språk, men ikkje heilt daglegtale. Frå den første leseprøven i haust, der vi lo av mange replikkar, har vi for kvar øving funne nye meiningar, meir alvor – og viktige, sterke tema undervegs i prosessen. Teksten har mange lag og moglege meiningar.
Finst det ein fasit?
Visninger:
Studio USF: 27., 28. og 29. januar 2011
DNS Lille Scene/DUS-festival: 25. februar 2011
Teaterskolen for barn og unge set kvart år saman ei Extragruppe som er eit supplerande tilskot for elevar mellom 13 og 19 år som ønskjer å utvikle sine skodespelarferdigheiter og lære meir om teaterarbeidet. VT ønskjer at tilbodet skal vera av høg kvalitet, og Extragruppa jobbar profesjonelt og målretta fram mot ei framsyning.
I år er Teater Extra med i DUS (Den unge scenen): 14 teaterinstitusjonar i 13 fylke dannar eit nettverk som utviklar og fremjer ungdomsteater i Norge. DUS bestiller og utviklar sceniske tekstar skrivne for ungdom, og som skal framførast av ungdom. Målet er å stimulere produksjonen av ungdomsteater. Det er første året Hordaland med Bergen er med som region.
Takk til fotoelever fra Norges Kreative Fagskole/Bergen for bilder fra forestillingen!
Manus
Maria Tryti Vennerød
Regi
Frøydis Flotve
Scenografi
Susanne Irene Fjørtoft
Ingrid B. Thorsheim
Andreas G. Jensen
Ida S. Ramborg
Emily Servoss
Vilde Skauge
Gard Engh
Veronika F. Røssland
Sarah Svege
Hanne Haugen
Johannes Voll Kolstø
Benjamin R. Aasebø