Ledig stilling.

Vestlandske Teatersenter i samarbeid med Teater Vestland søker kunstnarleg konsulent/teaterinstruktør

Vestlandske Teatersenter (VT) er eit regionalt kompetansesenter med sete i Bergen. Vi driv med kompetanseutvikling i heile landet, men hovudtyngda av aktiviteten skjer på Vestlandet. Vi driv med teaterundervisning av barn, unge og vaksne og bidrar med rettleiing og kursing av amatørteaterfeltet i fylket.

Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, er regionteater i Vestland fylke med scene, produksjonslokale og administrasjon i Førde. Teater Vestland er eit produserande og turnerande teater og nyttar nynorsk målform og vestnorske målføre som scenespråk.

Vi søker:

Kunstnarleg konsulent/teaterinstruktør i 60% stilling med arbeidsstad på Teater Vestland i Førde.

Arbeidsoppgåver:

  • Teaterundervising for born og unge nokre ettermiddager i veka
  • Planlegging og gjennomføring av framsyningar
  • Halde kurs og drive kompetanseoverføring
  • Konsulent for amatørteatermiljøa
  • Delta på møter internt og vere ein bidragsytar til kompetansemiljøa

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og engasjert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Samarbeidsvillig, kreativ og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og relasjonsevner
  • Gode organisatoriske evner
  • Arbeidsam og robust

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning i drama/teater/regi/skodespel frå høgskule eller universitet
  • Pedagogisk utdanning er ønskeleg
  • Erfaring med å undervise born og unge er ønskeleg
  • Regierfaring er ønskeleg
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr:

Tilsetting i engasjement i 50% stilling i Vestlandske Teatersenter og 10% stilling i Teater Vestland fram til 30. juni 2021, med moglegheit for forlenging.

Gode og inkluderande arbeidsmiljø, med god kontakt med kollegaer i Bergen og med fysisk arbeidsstad på Teater Vestland i Førde.

Gode fagmiljø med profesjonelle rammer, rettleiing og moglegheit for fagleg utvikling

Løn etter nærare avtale.

Kontaktinformasjon:

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar i Vestlandske Teatersenter, Monika Borge eller påtroppande teatersjef, Teater Vestland, Cecilie Grydeland Lundsholt.

E-post: monika@teatersenter.no

Telefon: 932 32 816

E-post: cecilie@teatervestland.no

Telefon: 99159124

Send søknad og CV på e-post til monika@teatersenter.no innan 7. desember.

Les utlysningen på nav.no